Vurderingskriterium
Under middels
|
Middels
|
Over middels
|
|
Blogginnlegg
|
Klarer stort sett å gje igjen kva diktet handlar om med eigne ord.
Har med nokre relevante opplysningar om tidsepoke og forfattar. Kan peike på
nokre verkemiddel, men skriv lite eller ingen ting om kva effekt bruken av
verkemidla har. Klarer i liten grad å seie noko om bodskap og eiga
leseoppleving.
|
Kan gje igjen kva diktet handlar om med eigne ord, og skrive kva
han/ho meiner temaet i diktet er. Kan peike på ein god del verkemiddel og
skrive litt om kva effekt bruken av verkemidla har. Klarer å seie noko om
bodskap og eiga leseoppleving.
|
Formulerer svært godt kva diktet handlar om. Grunngjev med
utgangspunkt i diktet kva han/ho meiner temaet er. Peikar på mange språklege
verkemiddel og gjer greie for kva effekt bruken av desse har. Formulerer på
ein god måte kva bodskap han/ho meiner diktet har, fortel om leseopplevinga
og grunngjev kvifor han/ho opplevde det slik.
|
Kommentar
|
Følgjer til dels dei generelle krava vi i fellesskap blei einige om.
Liten grad av grunngjeving i den faglege kommentaren. Kommentaren gjev i
liten grad grunnlag for forbetring av det faglege innhaldet i blogginnlegget.
|
Følgjer stort sett dei generelle krav vi i fellesskap blei einige om.
Grunngjev til dels den faglege kommentaren. Kommentaren gjev noko grunnlag
for forbetring av det faglege innhaldet i blogginnlegget.
|
Følgjer dei generelle krav vi i fellesskap blei einige om. Den
faglege kommentaren er godt grunngjeven og gjev gode innspel til forbetring
av det faglege innhaldet i blogginnlegget.
|
Eigen blogg:
|
Layouten og biletet/bileta passar i liten grad til diktet. Tittelen
på blogginnlegget er lite eigna til å skape interesse og/eller passar ikkje
til innlegget.
|
Layout og biletet/bileta passar greitt til diktet. Tittelen på
blogginnlegget passar til innhaldet, men er ikkje så eigna til å skape
interesse.
|
Layout og biletet/bileta passar svært godt til diktet. Tittelen på
blogginnlegget skaper interesse og passar til innhaldet i innlegget.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar