onsdag 24. oktober 2012

Diktblogg

I dei neste fire vekene skal du bruke norsktimane til å opprette din eigen blogg og skrive eit blogginnlegg som handlar om eit dikt.   


Blogginnlegget ditt skal handle om desse punkta:

  • tidsepoken diktet høyrer til i
  • forfattaren av diktet
  • kva diktet handlar om
  • kva du meiner temaet i diktet er
  • kva språklege verkemiddel som er brukt i diktet
  • kva effekt du synest bruken av verkemidla har
  • kva bodskap du synest diktet formidlar


Du skal også leggje inn eit bilete som du synest passar til diktet.  

I tillegg til læreboka, kan du finne hjelp på Lyrikkhistorisk tidslinje




Det kan også vere nyttig å sjå på denne videoen:







Kompetansemåla vi jobbar ut frå er henta frå tre ulike område: 

1. Samansette tekstar

  • bruke digitale verktøy til presentasjon og publisering av eigne tekster

2. Skriftlige tekster

  • drøfte innhald, form og formål i eit representativt utval samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samisk
  • gjere greie for et breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva funksjon dei har
  • meistre ulike skriveroller som finnest i skule, samfunn og arbeidsliv

3. Språk og kultur

  • hente, vurdere og bruke fagstoff frå digitale kjelder i munnleg og skriftlig arbeid
  
     Vurderingskriteriuma som du blir vurdert ut frå finn du øverst på bloggen. 





3 kommentarer:

  1. Eg meinar du har laga ein blogg som det er mogleg å gjennomføre på ein god måte. Bloggen gir ein god og variert læring.Dette er eit tema som eg meinar kanskje kan være kjedeleg og litt vanskeleg å motivere seg for. Ved å nytte eit moderne verktøy som blogg kan det åpne for meir interesse. Din bruk av digitale læringsresursar er varierte med link og video.Både link og video verkar å være relevante fagkjelder som er henta frå NDLA og NRK skule, og må reknast for å være kvalitetssikra. Du har laga klare vurderingskriterium knytt til kompetansemål.

    SvarSlett
  2. Eg synest at du har laget en god blogg med god gjennomføringsevne. Liker godt vurderingskriteriuma dine

    SvarSlett
  3. Dette var ein flott blogg, Anne Linn!
    Fin og oversiktig framstilling. Du har med all informasjon elevane treng og bruk av bilete og video vil engasjere dei. Eg likar veldig godt utforming og bakgrunn :)

    SvarSlett