diigo og wiki
Arbeidskrav to i modulen "IT307 Webtenester- digital kommunikasjon" var ei todelt gruppeoppgåve. På vår gruppa var vi fire som jobba saman, tre lærarar som jobbar på restaurant- og matfag og ein norsklærar. Den første delen av oppgåva var å ei lenkjesamling ved hjelp av den nettbaserte tenesta diigo ut frå temaet Nye medievanar og skulens ansvar for informasjonskompetanse. Den andre delen av oppgåva var å lage ein wiki der vi skulle få fram ein diskusjon om kva rolle og ansvar lærarar og skulen har for ungdom sin informasjonskompetanse.
Å lage ei lenkjesamling synest eg gjekk greitt. Eg hadde på førehand jobba med å finne ulike kjelder som kunne vere aktuelle slik at desse var klare. Vi var ganske raskt einige om kva etikettar vi skulle nytte, og verktøyet var enkelt å setje seg inn i og bruke.
Eg synest også det gjekk greitt å setje seg inn i korleis ein skulle bruke wiki som verktøy, men vi var litt usikre på korleis oppgåva skulle løysast. Årsaka til dette var at vi ikkje hadde klart føre oss korleis vi skulle frå fram ein diskusjon; skulle vi skrive artiklar der vi drøfta ulike problemstillingar, eller skulle vi skrive kortare artiklar der vi la fram eit tema som vi deretter drøfta i "boblene" eller ved å skrive direkte på kvarandre sine sider. Vi valde den siste løysinga, men etter å ha fått tilbakemelding frå ein av førelesarane har vi forsøkt å omarbeide det vi hadde skrive til artiklar der vi drøftar ulike problemstillingar knytt til temaet Nye medievanar og skulens ansvar for informasjonskompetanse.
Ein ting som var frustrerande var at vi ikkje fekk til lik skriftstorleik på alle sidene våre. Dette kunne heller ikkje førelesarane hjelpe oss med, så det måtte vi gje opp å få orden på. På grunn av nokre tekniske problem som vi ikkje fann ut av i starten, oppretta vi ein ny wiki. Derfor er det ein del av diskusjonane i oppstartsfasen som ikkje er med på den endelege wikien.
Temaet vi har skrive om synest eg er både viktig og interessant, og eg har også opplevd det som nyttig å reflektere rundt dette.
Her er lenkjer til begge arbeidskrav:
wikien vår og lenkjesamlinga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar