Timane har eg tenkt å bruke på følgjande måte:
Den første dobbeløkta:
Elevane får presenterert oppgåva, kompetansemåla som ligg til grunn og vurderingskriteria. Kort sagt er oppgåva at dei skal lage sin eigen blogg der dei skal presentere eit dikt. Dei skal skrive om følgjande punkt: knyte diktet til tidsepoke og forfattarskap, tema, motiv, bruk av språklege verkemiddel, bodskap og eiga leseoppleving. Dei skal også leggje inn eit bilete som skal passe til diktet. Elevane skal lese kvarandre sine bloggar og kommentere ein av desse. Etter dette, held eg ei kort forelesing om kva lyrikk er, ulike typar lyrikk og språklege verkemiddel. Undervegs gjer vi oppgåver der dei testar kva dei har fått med seg av kunnskapar. Vi skriv i fellesskap ein tekst som skal fungere som eksempeltekst til deira eige blogginnlegg. Elevane får i lekse å sjå videoen som ligg på bloggen "Norskbloggen vår", samt gjere seg kjend med korleis dei navigerer i den lyrikkhistoriske tidslinja.
- Nokre refleksjonar rundt den første økta
Eg meiner at det er viktig at elevane veit kva dei vert vurdert ut frå. Når dei kjenner kriteria, kan dei jobbe meir målretta. For min eigen del er det også viktig at vurderingskriteria er klare på førehand slik at eg har desse å halde meg til når eg rettleier elevane. Kompetansemåla opplever eg stort sett at elevane ikkje er så opptekne av, men for min eigen del er det viktig å vete at eg jobbar ut frå dei rammene eg som lærar er tildelt. I nokre få tilfelle har eg opplevd å vere i tvil om eg kan gje elevar standpunktkarakter fordi eg har hatt lite vurderingsgrunnlag. Når kvar oppgåve elevane skal gjere er knytt til kompetansemåla, kan det gjere det lettare for meg å dokumentere kva kompetansemål elevane har jobba med.
Sidan det er ei stund sidan elevane har jobba med lyrikk, er det viktig å friske opp igjen kunnskapen deira på dette området slik at dei har eit fagleg grunnlag å byggje på når dei skriv blogginnlegga sine. For at elevane skal bli tryggare på kva som er forventa av dei skal vi skrive eit blogginnlegg i fellesskap.
Kjeldene elevane skal jobbe med har eg valt ut fordi det er kvalitetssikra kjelder som er relevante for oppgåva.
Den andre dobbeløkta:
Elevane får tildelt kvart sitt dikt som representerer ulike typar dikt, til dømes dikt frå norrøn tid, dikt frå ulike litterære epokar frå 1800-talet og fram til i dag, sentrallyriske dikt, modernistiske dikt, kampdikt frå 2.verdskrig, dikt på nynorsk, dikt på bokmål og dikt omsett frå samisk. Dei skal deretter jobbe med å skrive teksten som skal vere på bloggen. Lekse til neste økt er å fullføre blogginnlegget.
- Nokre refleksjonar rundt den andre økta
Eg ønskjer at dikta skal gjenspegle lyrikk heilt frå norrøn tid og fram til i dag. Om elevane ønskjer det, kan dei diskuterer dikta sine med kvarandre for å få fram fleire tankar og assosiasjonar. Eg vil gå rundt og forsøke å hjelpe dei ved å stille mest mogeleg opne spørsmål. Når det gjeld tolking av dikt, er det ingen fasitsvar. Elevane sin bakgrunn, kunnskapar og erfaringar vil alltid påverke tolkinga. Det som er viktig for meg å få fram, er at elevane må vise til diktet og grunngje meiningane sine ut frå det som står der.
Til vanleg leverer elevane inn tekstar dei skriv på Fronter som er ein lukka arena. Tekstane blir då lesne bare av læraren. Denne gongen ønskjer eg at elevane skal publisere teksten sin på ein open arena, i dette tilfellet ein blogg. Grunnen til dette er at tekstane deira dermed får andre potensielle lesarar, noko som kan verke motiverande for skrivinga (Yancey 2001, Otnes 2003).
Den tredje dobbeløkta:
I denne økta skal elevane skal opprette sine eigne bloggar. Eg vil vise dei det mest grunnleggjande, samt gå gjennom kva retningslinjer som gjeld for bruk av bilete. I fellesskap skal vi snakke om og vurdere layout på ulike typar bloggar. Vi vil også sjå litt på titlar på blogginnlegg og snakke om kva som gjer ein tittel til ein god tittel. Deretter får dei bruke tid på å gjere seg meir kjende med bloggverktøyet og eksperimentere med layout og å leggje inn bilete. Dei får i lekse å gjere seg ferdig med layouten til bloggen sin, leggje inn tekst og bilete og lage ein tittel til neste økt.
- Nokre refleksjonar rundt den tredje økta
Dersom ein skal bruke blogg som ein del av undervisninga, er det viktig å ha eit gjennomtenkt forhold til personvern. Ein kan nemleg ikkje påleggje elevane å bruke blogg som ein del av undervisning (Personvernskolen.no: http://www.personvernskolen.no/node/329).
I utgangspunktet ønskjer eg at alle elevane skal ha opne bloggar slik at dei skriv for eit potensielt publikum.Det kan ein leggje til rette for ved at elevane ikkje treng å leggje ut opplysningar som kan identifiserer dei. Men det kan vere elevar som likevel ikkje ønskjer å publisere arbeidet sitt, og det må ein ta omsyn til.
Grunnen til at eg ønskjer at elevane skal leggje inn eit bilete i bloggen, er for at dei skal skal tileigne seg kunnskap om opphavsrett. I følgje forskaren Roland Rask skjerpar det elevane å publisere arbeid digitalt. Årsaka til dette er at det då er større sjanse for at brot på åndsverklova vert oppdaga(Krumsvik 2009: 20).
Den fjerde dobbeløkta:
I denne økta skal vi diskuterer nettvett, med vekt på kva det er som er viktig når ein skal kommentere på Internett. Eg vil også presentere kva faglege krav eg har til kommentarane. Resten av tida skal dei bruke til å lese dei andre elevane sine blogginnlegg. I tillegg skal dei også kommentere bloggen dei har fått i oppgåve å skrive kommentar til.
- Nokre refleksjonar rundt den fjerde økta
Gjennom å diskutere i fellesskap kva nettvett-reglar dei skal halde seg til når dei kommenterer, håper at eg at dei får eit større eigar-forhold til reglane.
Å lese andre sine blogginnlegg vil forhåpentlegvis vere både interessant og lærerikt.